Fra lederen...

Ser at hovudutvalet for teknisk, landbruk og naturforvaltning har kome med vedtak i samband med sal av eit gardsbruk i Nordherad. Dette vedtaket meiner vi er feil signal å gje til innbyggjarane i Vågå. I framtida vil vi ha ljos i glasa og ungar som ventar på skulebussen i grendane, og eit slikt vedtak er mildt sagt betenkjeleg med tanke på folketalet i grendane.Lalm arbeiderlag vil med dette oppfordre politikarane i Vågå om å tenkje seg om ein gong til i denne saka og ta den til kommunestyret for prinsipphandsaming. Da håpar vi resultatet vert ei framtidsretta og klok avgjerd for levande gardar og grendar.

Jo Ivar Kleivenleiar Lalm arbeiderlag